Godkjenning av akvakulturanlegg i to trinn og nye krav til søknaden

Det nye dyrehelseregelverket endrar Mattilsynets oppgåver ved klarering og godkjenning av lokalitetar. Mattilsynet kan ikkje lenger godkjenne lokalitetar berre på planstadiet. Godkjenning kan først kan givast når lokaliteten er klar til bruk og Mattilsynet har inspisert denne.

Publisert

For å tilpasse det nye godkjenningsløpet til det etablerte systemet, har vi valt å splitte prosessen opp i to trinn. Det gir søker mest mogleg føreseielegheit.

Det ekstra trinnet inneber ei viss byråkratisering, og betyr at Mattilsynet kjem til å bruke noko lengre tid på godkjenning enn før.

Når søkar veit når lokaliteten er klar til bruk, må Mattilsynet varslast slik at vi kan planlegge når vi kjem på inspeksjon.

Under finn du beskriving av dei to trinna i godkjenningsløpet og kva som blir gjort i kvart av dei. Merk deg dei nye krava til kva søknaden skal innehalde.

Trinn 1: Klarering av lokalitet

Saksbehandling i trinn 1 blir i hovudsak den same som tidlegare godkjenningsprosess og blir koordinert av fylkeskommunane. Søknad om klarering av lokalitet blir send til og blir koordinert av fylkeskommunane.

Søknad (fiskeridir.no) blir send inn på eige skjema via Fiskeridirektoratets nettside (fiskeridir.no).

Mattilsynet vurderer plasseringa og kvalifikasjonane til lokaliteten med tanke på risiko for smitte, straumforhold, biosikkerheitsplanen, IK-systemet, beredskapsplanar, m.m.

Sidan Mattilsynet ikkje kan gi godkjenning etter dyrehelseregelverket før anlegget er ferdig og klart til å bli tatt i bruk, gjer vi to vedtak i trinn 1:

  1. vedtak om godkjenning eller avslag med heimel i dyrevelferdsregelverket
  2. vedtak om klarering eller avslag med heimel etter dyrehelseregelverket

Dersom vi gjer vedtak om avslag for eit av regelverka, blir heile søknaden avslått. 

Kva søknaden skal innehalde

I søknaden skal det som tidlegare vere informasjon om avstand til andre akvakulturanlegg, aktivitetar, vassutskifting, korleis omsynet til dyrevelferd skal varetakast, internkontroll og beredskap.

I tillegg er det nå fleire krav til kva som skal leggast fram av driftsansvarleg i søknaden. Desse inkluderer blant anna

  • namnet og adressa til driftsansvarlege
  • plasseringa og beskrivinga til anlegget av dets lokale
  • artane, kategoriane og mengdene (tal, volum eller vekt av akvakulturdyr som er relevante for godkjenninga, og som blir halde i anlegget.
  • typen akvakulturanlegg

Andre opplysingar om korleis det aktuelle akvakulturanlegget fungerer, som er relevante for å fastsette kva risiko det utgjer anleggets

  • vassforsynings og avløpssystem
  • biosikkerheitstiltak

I tillegg er det fleire utfyllande krav til dokumentasjon i akvabiosikkerhetsforskriften. Blant anna skal ein for akvakulturanlegg som flyttar dyr til utsett eller slakting dokumentere:

  • biosikkerheitsplan
  • at lokale og utstyr i tilstrekkeleg grad avgrensar risikoen for å innføre eller spreie sjukdom til eit akseptabelt nivå og at dei har tilstrekkeleg kapasitet.

Trinn 2: Godkjenning av anlegg før drift startar

I andre trinn blir klarerte lokalitetar inspiserte av Mattilsynet når anlegget står ferdig. Da vurderer vi forholda på lokaliteten opp mot klareringa.

Dersom det er endra forhold knytt til smitterisiko etter at lokaliteten blei klarert, må m.a. biosikkerheitsplan, internkontrollsystem og beredskapsplan vere oppdatert for at godkjenning kan givast.

Søkar må sende melding til Mattilsynet (postmottak@mattilsynet.no) minst ein månad før anlegget blir planlagt tatt i bruk.

Meldinga må minst innehalde:

  • Nummer og namn på lokalitet
  • Oppdatert biosikkerheitsplan, internkontrollsystem, beredskapsplan for anlegget
  • Oppdatert informasjon om lokale og utstyr
  • Eventuelle andre endringar
  • Etter inspeksjon gjer Mattilsynet vedtak om avslag eller vedtak om godkjenning av anlegget etter dyrehelseregelverket. 

Mattilsynet kan gi inntil 6 månaders vilkårsbunden godkjenning for å utbetre mindre manglar.

Mattilsynet kan trekke tilbake godkjenning

Mattilsynet kan starte ein tilbakekallingsprosess av godkjenninga dersom vi avdekker alvorlege manglar når det gjeld å oppfylle krav i biosikkerheitsplanen, journalføringa eller helseovervakinga til anlegget, og det ikkje kan givast tilstrekkelege garantiar for at dette blir utbetra.

Viss driftsansvarleg kan garantere for at manglane blir utbetra innan rimeleg tid, kan Mattilsynet trekke godkjenninga mellombels i staden for å kalle tilbake godkjenninga for godt. 

Regelverk

  1. Dyrehelseforskriften
  2. Akvabiosikkerhetsforskriften